Aktuelt

Presse melding
Møre Miljøsanering kjøper Miljøkvalitet Sjå vedlagt presse melding

Pressemelding

 

Møre Miljøsanering overtek Miljøkvalitet

 

Møre Miljøsanering AS kjøper Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark i lag med dei lokale investorane Emdal Holding AS og Stranda Anleggsservice AS. Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark er lokalisert til industriområdet på Jarnes i Sykkylven kommune og har sidan 1996 teke i mot og handtert avfall frå private og bedrifter. Dei siste åra har Miljøkvalitet vore eigd av Norsk Gjenvinning og drifta av Tenden Miljø AS på Stryn. No blir det eit lokalt selskap som tek over drifta. Møre Miljøsanering er basert i Sykkylven og er heileigd av Espen Skrede Høidal som var med å etablere selskapet i 2013. Møre Miljøsanering si hovudverksemd har vore riving av større og mindre bygg, og dei får no tilgang til ein større del av verdikjeda ved å gå inn i ei bedrift som tek i mot avfall og bidreg til gjenvinning av ulike avfallsfraksjonar.

-Vi ser eit stort potensiale innan avfall og gjenvinning, og ynskjer å utvikle dette i lag med det lokale næringslivet, seier Espen Høidal. Saman med medinvestorane har Møre Miljøsanering ambisjonar om å utvikle den nye eininga til ein sterk aktør som kan tilby tenester innan eit breitt felt med riving og sanering og gjenvinning. Hovudarbeidsområdet vert Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal.

Møre Miljøsanering har i dag 10 tilsette. Med overtakinga av Miljøkvalitet og Jarnes Miljøpark reknar ein med at det i tida framover vil vere grunnlag for ei utviding av arbeidsstokken.

Ønsker de fleire opplysningar ta kontakt med Espen Høidal, tlf 97 98 79 87

 

Møre Miljøsanering                  

v/ Espen Skrede Høidal

 

 

Publisert 30.04.2025 Skriv ut artikkelen Bookmark and Share

Reporter :  admin
Source : 


  • x
  • x

© Miljøkvalitet AS – Alle rettigheter reservert  | Utviklet av Cateno AS — Powered by CLAW Claw