Miljø og økonomi

Forsøpling og forureining av naturen er eit globalt problem. Arbeidet for å verne om naturen er difor eit kontinuerleg satsingsområde for Miljøkvalitet as. I samarbeid ARGUS as og Teknologsikk Institutt arbeider Tenden Container og Gjenvinning med innføring av miljøstyringssystemet ISO 14001.

Den idielle målsettinga er at naturvennleg avfall går tilbake til naturen, verdifullt avfall blir teke vare på gjennom resirkulering, og farleg avfall blir nytta til energi eller sluttlagra på ein ansvarleg måte hjå returselskapa som har spesialmottak for farleg avfall. Miljøkvalitet as har eit forpliktande samarbeid med dei ulike returselskapa.

Miljøarbeid er ikkje berre eit lokalt ansvar. Vi har eit lovverk som innbyr til samarbeid både nasjonalt og internasjonalt. En del avfallsfraksjonar som i dag ikkje kan gjenvinnast lokalt, blir eksportert til Østen der dette avfallet er ein ressurs.

For å ha rett fokus på miljøarbeidet kan Miljøkvalitet as tilby Miljøavtale som er ei samarbeidsavtale som er ei god avtale både for miljøet og kundane. Med andre ord ei avtale der miljø og økonomi er sett i system.

Ved hjelp av individuelle, ofte enkle måtar å sortere avfallet på kan ein raskt oppnå både store miljøgevinstar og betydelege kostnadsinnsparingar.

Miljøkvalitet as legg til rette for at avfallet blir sortert på ein best mogeleg miljømessig måte, og at avfallet går til gjenbruk, materialgjenvinning eller energigjenvinning.

Våre Miljøavtaler skal alltid ha som målsetting å finne fram til den beste avfallsløysinga for miljøet og for den enkelte kunde, og all avfallshandtering skal utførast i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande myndigheitskrav.

  • x

© Miljøkvalitet AS – Alle rettigheter reservert  | Utviklet av Cateno AS — Powered by CLAW Claw