Hvorfor Miljøkvalitet AS

Miljøkvalitat as legg stor vekt på å være problemløysar og samarbeidspartnar for avfallsprodusentane. Vi legg ’og stor vekt på at kundane våre skal være nøgde med dei tenestene som vi kan tilby, og gjennomføring av tenestene.

Dei fleste ser for fordelane av å sette ting i system. Miljøkvalitat as har difor utvikla system for effektiv avfallslogistikk som ivaretek både dei økonomiske og miljømessige sidene av avfallshandtering.
Systemet har som overordna målsetting å finne fram til den mest miljømessige og kostnadseffektive avfallsøysingar tilpassa den enkelte, og kan tilby:

  • Individuelle løysingar.
  • Rasjonelle løysingar for sortering av avfall.
  • Totalløysing på avfallssortering.
  • Faste ruter for innsamling.

For å kunne gje ei god og rasjonell avfallsløysing tilbyr vi ei uforpliktande Mijøanalyse. Ei miljøanalyse består av fylgjande punkt:

  • Kartlegging av alle avfallstraumar i bedrifta.
  • Rådgjeving om korleis avfallsmengda kan reduserast.
  • Utvikling av rutiner for kildesortering og innsamling av dei respektive avfallsfraksjonane.
  • Forslag om tenelege oppsamlingseiningar og hentefrekvensar.

Gjennom å foreta ei Miljøanalyse, vil ein ha eit godt grunnlag for å etablere ei avfallsløysing som stettar dei tre sentrale punkt i myndigheitene sin avfallspolitikk.

  • Hindre at avfall oppstår.
  • Fremme gjenbruk, materialgjenvinning og/eller energigjenvinning.
  • Sikre ein miljømessig forsvarleg handsaming av avfallet.

Miljøkvalitat as sine tilsette har fokus på at bedrifta vår skal kjenneteiknast med dei 4 K-ane:

  • Kompetanse
  • Kvalitet
  • Kostnadseffektivitet
  • Kundeservice

Gjennom planverk og HMS-system legg Miljøkvalitat as vekt på at bedrifta skal være ein god arbeidsplass for våre tilsette slik at dei kan oppfylle krava til kompetanse, kvalitet, kostnadseffektivitet og kundeservice. For å sikre opplæring og kontinuitet i arbeidsprosessene, tek Miljøkvalitat as i mot lærlinger. Det blir ’og lagt vekt på eit nært samarbeid med A-etat i regionen. Det er ’og lagt til rette for at dei tilsette skal kunne ta fagbrev innafor faget avfall og gjenvinning.

  • x

© Miljøkvalitet AS – Alle rettigheter reservert  | Utviklet av Cateno AS — Powered by CLAW Claw